Tregrensa

Korleis blir tregrensa i framtidas klima?

Det er tøft å bu på fjellet. Det er kaldt og surt, og plantene som bur der må samarbeide for å overleve. Dei er gjerne små, og står tett saman for å halde varmen. 

I låglandet er det annleis. Der er det varmare og lettare å overleve. Plantene er større og dei breier seg ut. Dei konkurrerar mot kvarandre om plassen som er der.

Men kva skjer når klimaet endrar seg, og temperaturen stiger?

Kjem låglandsplantene å krype heilt opp til fjells? Kva skjer med fjellplantene då?

Dette prøver Ragnhild Gya å finne ut i si forsking. Dei har flytta låglandsplanter opp på Vikafjellet under små drivhus for å finne ut av dette.

Då vert det varmare, og dei får ny konkurranse frå låglandsplantene. Vi lurer på kva som skjer med fjellplantene.

Forskarar har anslått korleis klima og natur kjem til å bli på Voss 80 år fram i tid, om me har oppnådd middels gode klimakutt har det blitt 2,2 grader varmare på Voss enn det er i dag.

Skogen dekkjer no 33 % av Voss. I framtida vil skogen bli tettare og breie seg utover. Då vil tregrensa flytte seg oppover, og mange av fjellplantene vil bli utkonkurert. 

For mange planter og dyr betyr desse brå endringane trøbbel. Eit insekt kan til dømes vere tilpassa til å spise nektaren frå éi plante. Om den planta døyr, så forsvinner insektene også. I naturen henger nemleg alt saman.

I dag har Voss omtrent 126 skidagar på ein vanleg vinter. Dagar der det er 20 cm med snø.

I slutten av århundret anslår forskarar at omtrent halvparten av desse skidagane vil forsvinne.

Me vil altså gå frå 126 til 51 skidagar i året.